|
Me har alltid vert
veldig glad i dyr, og trivast best når det har masse
dyr rundt oss. I november 2007 kjøpte me vår fyrste
rasekatt. Ein Norsk skogkatt ved namnet Satyr `s
Saga, og sidan det har det berre blitt fleire.
Me er eit lite oppdrett
som ynskjer å jobbe for å få fram rasetypiske, sunne
og sosialiserte kattar, der kattane er
familiemedlemmer og bur i huset saman med oss. Me
reiser litt på utstillingar, og har ca 1-3 kull i
året.
I juni 2010 flytta me
inn i vårt nye hus på garden der Iren voks opp, og
der stortrivast me :-) Kattane har og fått ein stor
luftegård tilknytta til huset, slik at dei kan gå ut
og inn som dei ynskjer.
|