Hjem Om oss Kattene Kattunger Planer Kull Utstilling Galleri Tilla Kontakt Linker Gjestebok Blogg

Savnede katter

 

 Tilbake 


**********************************************************************************************

(N) Blomsterdalen`s Hilde f 02

Tuva (Hilde)

15.11.07- 07.07.09

Hilde var julegåve mi frå min kjære jula 2007. Eg hadde lenge beundra ho på heimesida til Marianne, då Kennet ein kveld avslørte at han hadde booka ho til meg. Gitt om eg vart glad. Hilde var ein stor og flott hunkatt, men ein fantastisk fargekombinasjon. Veldig kosete og snill katt, som hadde fast plass i sofaen saman med meg om kveldane. Ho var og katteflokken min sin trygge og gode leiar, og var alltid snill med dei andre kattane våre.
Hilde var drektig og me gleda oss veldig til dei søte små skulle kome. Men dessverre mista me både Hilde og alle kattungane når Hilde var i veke 5. Det gjekk så veldig fort, så det var nok ingenting ein kunne gjere. Har aldri følt meg så hjelpelaus. Utruleg vondt og me savner Hilde svært mykje. Vetrinær meinte ho kunne ha fått indre blødninger etter ein evt fallskade.

Kvil i fred vår flotte og gode Hilde.

 

Kull: ingen avkom Flere Bilder! Stamtavle



S* Zarkesha`s Kriss Kross ds 03 23

Krossy (Kriss Kross)

27.10.08- 27.06.09

Eg hadde lenge tenkt å kjøpe meg ein hankatt og brukt mykje tid på å leita etter den rette katten. Og der ein dag såg eg lille Kriss Kross. Han var så yndig og søt, berre 2 veker fyrste gong eg såg han på bilde. Han vart berre flottere og flottere, og heldigvis var eg så heldig å få kjøpe han. Kriss Kross var min drømmehankatt. Så flott og harmonisk, og ikkje minst eit fantastisk lynne. Berre snill og god og min lille kosepus. Var alltid der eg var, og ville vere med på det eg gjorde. Guttene våre forguda Kriss Kross.
Men dessverre viste det seg etter ei stund alt alt var ikkje heilt som det skulle. Kriss Kross byrja og gå ned i vekt, han vart meir dorsk og mista matlysta. Etter ein del vetrinær besøk er det enno usikkert kva som feila Kriss Kross. Men det vart for tøft for min kjære Kriss Kross, så han sovna stille inn den dagen han hadde blitt 8 mnd.

Kvil i fred min kjære og gode Kriss Kross

Dødsårsak: FIP

Kull: ingen avkom Flere Bilder! Stamtavle